Ved sidan av auga har Hasina Shirzad fortsatt arr etter at det blå sjalet ho hadde på seg under ulukka brann seg fast. Foto: Vigdis Sofie Sandbæk

Journalist Hasina Shirzad blei eit mål for bombeangrep

Det fyrste journalist Hasina Shizrad tenkte på etter at bomba smalt var mora – kva ville ho gjere dersom Hasina døydde?
Tirsdag, 16 mai, 2017 - 13:45

Denne torsdagen var heilt lik alle andre torsdagar. Hasina Shirzad hadde stått opp tidleg, fiksa neglene og tatt på seg den nye buksa ho kjøpte dagen før. Ho møtte ein kollega frå den uavhengige valkommisjonen i Afghanistan, og dei to skulle køyre saman til jobb. I bilen var også den ni år gamle sonen til kollegaen, som flytta seg til baksetet og gav Shirzad plassen framme. Dei to kollegaene sat og småprata på veg til kontoret.

Plutseleg smalt det. 

Shirzad hugser at ho tenkte det var eit bombeangrep. No kom ho til å døy. Ho kjente brennande smerter på høgre sida av kroppen, og kunne ikkje røre på beina sine.

Kollegaen hjalp ho ut og vekk frå bilen, før han kunne springe tilbake til sonen sin. Men den ni år gamle guten hadde kutt over heile kroppen, og det var ingenting igjen nedanfor livet. 

– Eg ropte at han måtte komme seg vekk frå bilen, fortel Shirzad.

Den stod i flammar. 

Shirzad fortel at ho låg og lente seg på armane sine. Då såg ho blod som draup ned på bakken. Ho vart hjulpen inn i ein bil, og køyrd til næraste sjukehus. Der ville dei ikkje ta imot ho. Ho var for hardt skada, og Shirzad antar at dei var redd ho kom til å døy der. Men ho fekk bedøving, og hugsar så at ho vakna i ein ambulanse. 

Etter å ha blitt lagt inn på sjukehus, vart ho operert fleire gonger. Shirzad hadde tredjegradsforbrenning på over 15 prosent av kroppen, eit kutt rett over det eine auget, og brot i ryggen. Legane visste ikkje om ho kom til å overleve, og dersom ho gjorde det, kunne ho ende opp som lam og med ei permanent augeskade. 

– Eg hugsar at legen fortalde meg at eg var heldig då eg vakna, men eg kjente meg ikkje heldig. Tidlegare same dag hadde alt vore som normalt, no var det ikkje slik lenger, seier Shirzad.

Valgte journalistikk


Hasina Shirzad har alltid vore ein person som tilgir. Foto: Vigdis Sofie Sandbæk 

Hasina Shirzad var flink på skulen. Ho fekk gode karakterar, og hadde godt utdanna foreldre. Med dette kom forventingar.

Mora til Shirzad ville at ho skulle studere medisin, og sjølv om det eigenlteg ikkje var det Shirzad helst ville, hadde ho tenkt å gjere det. Men det året ho skulle starte studiene, valgte ein av studentane med best karakterar i landet å studere journalistikk, og karaktersnittet på studiet gjekk opp.

Då blei journalistikk eit alternativ for Shirzad òg. Å gjennomføre studiet var ikkje særleg problematisk, men Shirzad var klar på at ho ville praktisere som journalist.

– Mange kvinner studerer, så giftar dei seg og blir heime, seier Shirzad.

Men det var ikkje eit alternativ for ho. Etter å ha fortald foreldra om studieønsket, tok dei ei natt til å sove på det, før faren sa ja. Så blei det journalistikk. 

Det var fleire rundt Shirzad som meinte ho kom til å passe godt som journalist, då ho var modig, ho såg folk i auga, og blei ofte fortald at ho “var som menn”. Grunna kulturen framstår afghanske kvinner ofte som sjenerte, men Shirzad hadde vore annleis heile livet. 

Som lita var ho uredd og frampå, og på skulen blei ho fortald at ho var ulik dei andre. 

– Då eg kom heim, spurde eg mor mi kva som var annleis med meg, og ho sa at det var bra å vere annleis. Ho endra heile historia, og gjorde slik at eg ikkje brydde meg når folk sa eg var annleis, modig og som menn, fortel Shirzad. 

Hadde mange spørsmål

Etter ulukka hadde Shirzad ein indre kamp. Ho hadde mange spørsmål ho ikkje fekk svar på, og kjende på urettferd. 

– Eg hadde alltid jobba hardt med skule, gått glipp av festar og moro, og no følte eg endeleg at livet betalte litt tilbake, men så kom ulukka. Eg skjønte ikkje kvifor det skulle skje akkurat då, og kvifor det skjedde med meg, seier Hasina Shirzad. 

Ho har alltid meint at alt skjer av ein grunn. Like etter ulukka kunne ho ikkje skjønne meininga bak, men det har endra seg. 

– Det gav meg så mykje. Eg har vakse så mykje, og no veit eg at eg kan overleve det meste, fortel Shirzad. 

Vil tilgi

Sjølv om Shirzad veit at bombeangrepet var retta mot ho, og sjølv om det førte til at ho måtte flykte frå landet, ber ho ikkje nag mot han som utløyste bomba. 

– Eg har alltid vore ein person som tilgir. Eg kan tilgi folk sjølv utan at dei har sagt unnskyld, fortel Shirzad.

Shirzad vil ikkje fortelje til pressa kven det er som står bak angrepet, då det kan bli farleg for familien som fortsatt lever i Kabul. Ho har ikkje eit ansikt på angriparen, men syns meir synd i han enn noko anna. 

– Dersom du kan ta nokon sitt liv, må livet ditt verkeleg vere forferdeleg. Men eg har ikkje tenkt noko særleg på han. Kanskje hadde eg spurt om han tenkjer eg var verdt det, dersom eg hadde møtt han, seier ho. 

Shirzad tenkjer at alt skjer av ein grunn, og at alle hendingar har ei meining. 

– Eg har ei sterk tru, og det var det som gjorde det lett for meg å tilgi. Trua mi, fortel Shirzad. 

I dag sit Shirzad på Høgskolen i Oslo og Akershus. Ho har fått opphaldstillatelse i Noreg, og tar enkeltenme på journalistikk. Foreløpig planlegg ho ikkje så langt fram i tid, men vil lære språket og fullføre journalistikkmasteren sin. Etter det vil ho sjå kva moglegheiter som finns. Afghanistan kan ho ikkje reise tilbake til så lenge det fortsatt er uro i landet. 

– I Afghanistan er det farleg for meg, og om eg hadde jobba vidare, kunne det ha blitt farleg for resten av familien min, fortel ho. No er det Noreg som kjennes som heime, fortel Shirzad.

For niende gang har journaliststudentene ved Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA) undersøkt pressefrihetens kår rundt i verden.
Torsdag, 18 mai, 2017 - 09:19
Abdul Merzai (55) får daglig trusler for sitt journalistiske arbeid. Nå ser journalistens fremtid mørkere ut enn noen gang tidligere.
Torsdag, 18 mai, 2017 - 09:15
Halvparten av befolkningen i Etiopia er analfabeter og kun en av ti har internett.
Torsdag, 18 mai, 2017 - 09:14
Colombianske journalister blir møtt med trusler. Landet ligger på 129. plass i verden når det gjelder pressefrihet.
Torsdag, 18 mai, 2017 - 09:13
Mohammad Abdelmaguid ble svartelistet og nektet inngang til Egypt. Likevel sluttet han aldri å kjempe for et bedre Egypt.
Torsdag, 18 mai, 2017 - 09:12
Reportere uten grenser plasserer Norge på førsteplass, når det kommer til pressefrihet. Polen havner på 54. plass. Journalist Henryk Malinowski er svært uenig i rangeringen.
Torsdag, 18 mai, 2017 - 09:11