Å bli eldre med hiv førar til nye utfordringar

Ei ny pilotstudie frå Fafo tar opp bekymringane.
Torsdag, 27 april, 2017 - 11:07


Pål Nordal er hiv-positiv, men infeksjonen er ikkje eit hinder i kvardagen. Foto: Camilla Hjelmeseth

Hiv er ein infeksjonssjukdom som blei påvist for første gong på 80-talet. Sidan då har det skjedd mykje med forskning, medisin og behandling av infeksjonen. No kan ein leve som normalt med sjukdommen, så lenge ein er velbehandla. Pål Nordal, som er hiv-positiv, tar berre ei pille kvar morgon. Denne pilla er nok til at han har dei same CD4-nivåa i kroppen som hiv-negative. Velbehandla pasienter er heller ikkje smittsame på nokon måte. 

– Ein velbehandla hiv-positiv er blant dei tryggaste ein kan ha sex med, fortel Pål Nordal.

Bekymring for møte med eldreomsorg

Etter kvart som åra går byrjar fleire hiv-positive å bli eldre. Dette trur forskar Arne Backer Grønningsæter kan bringe nye utfordringar. Blant anna om ein får fleire eldrerelaterte sjukdommar. 

– Det er bekymring for medisinke interaksjonar, der eit legemiddel påverkar eit anna, seier Grønningsæter. 

Det er også bekymring for stigma rundt infeksjonen. Leif-Ove Hansen, leiar i HivNorge, fortel at det ofte er dei eldre som har mest sjølvstigma med tanke på hiv. 

– Kanskje vil nokon som har vore open om sjukdommen tidlegare hoppe inn igjen i skapet når dei skal inn på ein eventuell sjukeheim, seier Hansen. 

Dei hivpositive blir eldre

Det nærmar seg at halvparten av alle hiv-positive er over 50 år, og dermed kategoriserast som eldre. Dette kjem av fleire ting. Grønningsæter fortel både om folk som har levd lenge med hiv, og ei større gruppe som blir smitta i vaksen alder. 

– Det er ei slags førestilling om at godt vaksne ikkje har sex, derfor blir heller ikkje førebyggande arbeid retta mot desse, seier Grønningsæter. 

Det er no gruppa av eldre med hiv kjem. Det er no ein snart kan sjå langtidsbivirkningar av hiv-medisin. Derfor vil Grønningsæter ha meir forskning på tema, og håpar på å få gjere ei større levekårsstudie på dei eldre hivpositive. 

 

 

Emneord: 
For niende gang har journaliststudentene ved Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA) undersøkt pressefrihetens kår rundt i verden.
Torsdag, 18 mai, 2017 - 09:19
Abdul Merzai (55) får daglig trusler for sitt journalistiske arbeid. Nå ser journalistens fremtid mørkere ut enn noen gang tidligere.
Torsdag, 18 mai, 2017 - 09:15
Halvparten av befolkningen i Etiopia er analfabeter og kun en av ti har internett.
Torsdag, 18 mai, 2017 - 09:14
Colombianske journalister blir møtt med trusler. Landet ligger på 129. plass i verden når det gjelder pressefrihet.
Torsdag, 18 mai, 2017 - 09:13
Mohammad Abdelmaguid ble svartelistet og nektet inngang til Egypt. Likevel sluttet han aldri å kjempe for et bedre Egypt.
Torsdag, 18 mai, 2017 - 09:12
Reportere uten grenser plasserer Norge på førsteplass, når det kommer til pressefrihet. Polen havner på 54. plass. Journalist Henryk Malinowski er svært uenig i rangeringen.
Torsdag, 18 mai, 2017 - 09:11