Hemmeleghald rundt kongens formue

Pengane skal berre brukast i krisetider, ifølgje ein elleve år gamal dokumentar.
Les Også

Kong Harald si private formue kan i dag ha vokse til 837 millionar kroner, viser utrekningar gjort av Dagens Næringsliv. Pengane stammar hovudsakleg frå arv frå kong Haakon VII og dronning Maud. I ein Brennpunkt-dokumentar frå 1999 kjem det fram at formuen er ein krigsreserve, som berre skal brukast i krisetider. Kongen tek ikkje ut utbytte frå denne formuen, i følgje 1999-dokumentaren.

- Kong Olav meinte at dette var viktig, og det meiner kong Harald og. Ein held eit visst beløp utanfor all dagleg drift for at dette skal vera ein reserve for krisetider. Det er veldig viktig for ein konge som skal vera nøytral, sa hoffsjef Lars Petter Forberg til Dagbladet i 1999.

Slottet ønskjer i dag ikkje å kommentera om desse pengane framleis er sett på som eit krisefond. Ass. kommunikasjonssjef Sven Gjeruldsen opplyser at kongen har ei privat formue på i underkant av 100 millionar kroner, fordelt både i Noreg og i utlandet.

Brennpunkt-dokumentaren hevdar at kongen alt i 1999 hadde i underkant av 130 millionar kroner i privat formue. Kongen pliktar ikkje å opplysa om formue til myndigheitene, sidan han er friteken skatteplikt.

Gjeruldsen ønskjer ikkje å kommentera utrekninga gjort av Dagens Næringsliv. Journalen får heller ikkje svar på om det er knytt etiske retningslinjer til forvaltninga av dette fondet.