Frå diktatur til demokrati

Pressefridomen har endra seg drastisk sidan Noreg blei kasta ut av Kenya for 25 år sidan.
Tirsdag, 24 mai, 2011 - 11:09


I 1986 blei den diplomatiske forbindinga mellom Kenya og Noreg broten. Årsaka var den kenyanske politikaren Koigi Wa Wamweres kritiske utspel mot det kenyanske regimet i norske medier. I dag er Kenya eit demokrati med lovfesta pressefridom, og blir av fleire referert til som eit presseparadis i afrikansk målestokk.

– Pressefridomen i Kenya held god standard internasjonalt. Den største gevinsten av den lange demokratiseringsprosessen i Kenya er pressefridomen, seier Bård Anders Andreassen, professor og Kenya-ekspert ved Norsk senter for menneskerettigheter ved Universitetet i Oslo.

Dreiv sjølvsensur

Etter å ha vore under britisk styre sidan slutten av 1800-talet, blei Kenya ein sjølvstendig stat i 1963. Landet blei frå 1978 og heilt fram til 2002 styrt av diktatoren Daniel Arap Moi.

– Under Moi-regimet prøvde journalistane å tøya grensene. Men dei jobba openbart med ein sterk grad av sjølvsensur i frykt for myndigheitene, seier Andreassen.

Journalist Jeff Mwangi blei fengsla og torturet under Moi-regimet. Les hans historie her.

Kenya kasta ut Noreg

Det var også under diktator Moi at den diplomatiske forbindelsen mellom Noreg og Kenya blei broten. Einar Lunde var NRKs Afrika-korrespondent på den tida. Han skildrar hendinga slik:

– Det er første og einaste gong i fredstid at eit land har brote forbindinga med Noreg. Og dette var eit land som årleg mottok enorme summar i u-hjelp fra nettopp Noreg. Det var totalt uhøyrt.

Årsaka til hendinga var at den kenyanske politikaren Kogi Wa Wamwere budde i eksil i Noreg etter å ha vore fengla fire gonger i Kenya og sluppet unna dødsdom to gonger. I Noreg fekk han kritisera Moi-regimet opent i media, noko diktatoren ikkje sette pris på. Då Wamwere blei stoppa på grensa til Kenya og stilt for retten, møtte den norske ambassadøren i Kenya opp for å støtta Wamwere. Dette førte til at Kenya kasta ambassadøren ut av landet og braut all kontakt med Noreg.

Einar Lunde var NRKs Afrika-korrespondent da Norge blei kasta ut av Kenya for 25 år sidan. Foto: Anne Liv Ekroll

Etniske skillelinjer

2002 markerte slutten på nesten 40 år med diktatorstyre i Kenya. Fleire opposisjonelle parti gjekk saman i eitt parti og vann valet dette året. Men konfliktene skulle ikkje stoppa av den grunn.

Presidentvalet i 2007 skulle nemleg bli prega av etniske konflikter. Den sitjande presidenten, Mwai Kibaki, tilhøyrde det dominerande kikuyu-folket, medan hans motkandidat, Raila Odinga, tilhøyrde luo-folket.

Kibaki vann valet med liten margin.

Kritiserer ikkje eigen stamme

– Dette førte til mykje etnisk basert vald i landet. Faktisk nærare til etnisk rensing. Kikuyuer blei jaga av luoer, og om lag 1200 menneske mista livet, forklarer Andreassen.

Til slutt kom FN på bana, og etter samtalar leidd av Kofi Annan sa dei to presidentkandidatane seg viljuge til å dela makta mellom seg. Ifølge Andreassen gjorde, og gjer framleis, dei etniske konfliktene også utslag hjå pressa.

– Stammetilhøyrigheiten kan påverka vinklinga og redusera den kritiske sansen. Lojaliteten til eiga folkegruppe er sterk i Kenya, seier han.

Les meir om korleis kenyansk presse sensurer seg sjølve på grunn av stammetilhøyrigheita si.

Kenyansk journalist skulda for å misbrukt journalistrolla til å driva propaganda under opptøya.

Ny grunnlov

I dag har Kenya lovfesta pressefridom. Ifølge den nye grunnlova frå 2010 har pressa lov til å skriva kva dei vil utan at myndigheitene kan straffa dei. 

– Dekninga blir stadig betre i kenyansk presse, og den nye grunnlova er ei viktig årsak til dette. Pressa har etter kvart blitt gode til å avdekkja korrupsjon og politisk spel, meiner Andreassen.

I tillegg har fleire av avisene opne kommentarspalter der journalistar kommenterer nyheitsbiletet, og debattsider der lesarane kan senda inn eigne innlegg.

Journalist Nderitu Ndegwa ser lyst på framtiden Foto: Capital FM

Optimistisk presse

– Dei siste 25 åra har pressa heilt klart utvikla seg positivt, seier Andreassen og får støtte av den kenyanske journalisten Nderitu Ndegwa:

– Heile mediesituasjonen i Kenya er fantastisk. Me kan kritisera kven me vil, til og med presidenten, seier Ndegwa til Journalen.

Han jobbar i radiostasjonen Capital FM, noko han trivst godt med.

– Utfordringane står i kø, nyheitene finst på kvart hjørne, og avsløringane er berre eit steinkast unna, avsluttar Ndegwa.

Les også: - Korrupsjon hindrer pressefriheten.

1963: Kenya blir ein sjølvstendig stat etter å ha vore under britisk styre sidan 1894.

1964: Jomo Kenyatta blir landets første president og blir sitjande til sin død i 1978. Ingen andre parti enn hans eige parti, Kenya African National Union (KANU), er tillate.

1978: Daniel Arap Moi tar over som president.

1982 -1990: Kenya blir offisielt ein eittpartistat. Dei som gjer opprør mot regjeringa, blir sette i eksil. Somme blir torturerte.

1992: Det blir ikkje lenger ulovleg å danna andre parti. Men president Moi vinn valet som blir heldt dette året.

1997: Moi vinn valet igjen.

2002: Alle opposisjonspartia går saman og dannar eitt parti – NARC. Det nye partiet vinn valet, og Mwai Kibaki blir president. 39 år med KANU-styre er over.

2005: På grunn av interne konfliktar blir den nye regjeringa oppløyst.

2007: Etter valet er det ingen klare vinnarar. Resultatet blir at president Kibaki og statsminister Raila Odinga deler makta likt mellom seg i ei koalisjonsregjering.