Stor skilnad på å vere norsk og russisk

Tidlegare NRK-korrespondent i Russland, Arne Egil Tønset, visste aldri kva som ville skje neste gong han søkte visum. Likevel har utanlandske korrespondentar betre tilhøve enn russiske journalistar.
Tirsdag, 24 mai, 2011 - 19:23


- I Russland er avstanden til makta veldig mykje større enn i Noreg, seier Arne Egil Tønset, tidlegare NRK-korrespondent i Russland.

- Det er uvant for norske journalistar, som nesten er på førenamn med maktpersonane. Skiljet mellom vanlege folk og maktapparatet i Russland er enormt. Difor tek det mykje energi å få kontaktar og intervjuavtalar.

Frå 2003 til 2007 budde Tønset i Russland for å gje norske TV-sjåarar og radiolyttarar eit bilete av nabolandet vårt i aust. Trass i at Tønset representerte den største norske TV-kanalen, blei han ofte sedd på som ein miniputt samanlikna med russisk media.

- NRK er ein liten TV-kanal i russisk samanheng, og han er i tillegg vestleg. Då må ein vere på rett stad til rett tid for å få kjelder i tale. I Moskva er det stor aktivitet på pressekonferansar, og det kan vere fleire hundre, og opptil tusen pressefolk på ein og same konferanse.

 

Innskrenka med åra

Dei russiske journalistkollegaene Tønset har kontakt med i dag, og som held til utanfor Moskva, seier at pressefridomen har blitt innskrenka med åra.

- Staten har blitt meir autoritær med overvaking og eit meir aktivt sikkerheitspoliti. På 1990-talet var det vill vest i Russland. Mange journalistar blei drepne og forsøkt saboterte, men på same tid var det ein viss fridom. Ein hadde ein reell sjanse til å vinne fram i retten mot myndigheitene, men no verkar det som om dei har festa grepet.

 

Hjelper ikkje journalistar i vanskar

- Ytringsfridomen er heimla i grunnlova, men det er forskjell på lovar og på det daglege livet, seier Tønset.

Nadezha Aghikina i den russiske journalistforeininga, deler synet til Tønset på kva som er den største skilnaden på russiske journalistar og utanlandske korrespondentar som arbeider i Russland.

- Redsla for å trykke kontroversielle saker, spesielt i disktrikta, er eit stort problem her. Det kan få fatale følgjer for journalisten og arbeidsgjevaren. I Noreg er dei fleste journalistane medlem av fagforeininga, og dei kan hjelpe journalistane ut av vansker. Slik er det ikkje i Russland, fortel ho.

 

Sjølvsensur den største trugslen

Tønset har fire faktorar han meiner hindrar pressefridomen i å bløme i Russland.

- Den viktigaste trur eg er sjølvsensuren til dei russiske journalistane. Den kjem at av journalistar jamnt over blir litt for redde for å gå inn i tunge, tøffe saker. Det kan rett og slett vere farleg. Det er ikkje nødvendigvis myndigheitene dei treng å frykte, men også mafia og andre kriminelle som dei kan kome for nære, dersom dei grev i saker om dei. Dette er eit kjempeproblem, for det fører til at mange kvier seg for å få inn i saker der ein må grave og snuse. Det er ikkje sunt for pressefridomen at journalistane går rundt og er redde.

Utover dette meiner han korrupsjon, vilkårleg rettssikkerheit og overgrep frå myndigheitene er trugslar mot pressefridomen i landet.

 

Brukte tidlegare kjeldenettverk

Mange av kjeldene Tønset fekk tak i, hanka han inn i forbifarten. Men i kjeldejakta fekk han òg god hjelp frå nettverket tidlegare NRK-korrespondentar hadde opparbeidd seg. Likevel måtte han jakte dei gode kjeldene på eigahand.

- Eg måtte vere mykje ute for å få kontakt med maktapparatet. I tillegg hadde eg det private nettverket. Fotografen, sjåføren og kontorleiaren var gode kjelder for å hjelpe meg igang.

- Var det nokre kjelder som stilte meir villig opp for deg enn for russiske journalistar, sidan du rapporterte til Noreg?

- Nei, det trur eg ikkje. Nokre kunne kanskje vere meir selektive når det gjaldt russiske medium. Men når det skal seiast, vil maktpersonar alltid ha interesse av å gjere synspunkta sine kjende utanfor russergrensa.

Som korrespondent stod Tønset i tillegg tryggare til å publisere det han ville.

- Som utanlandsk journalist kunne eg skrive og seie det eg ville, utan å måtte tenkje på at risikoen for at arbeidsplassen min skulle gå konkurs eller stillast for retten, som følgjer av at eg gjorde noko feil. Den største fara for meg var å miste akreditteringa og visumet, og dermed bli sendt ut av landet.

 

Ambassaden følgjer med

I vinter meldte fleire britiske aviser om at Luke Harding, The Guardians Russlandkorrespondent, hadde blitt stoppa på flyplassen i Russland med beskjed om at han ikkje fekk kome inn i landet. Grunnen var at han hadde dekt Wikileaks-saker som omtala Russland og presidenten i negative ordelag.

Kva gjer denne usikkerheita med journalistikken? Tønset fortel at den russiske ambassaden følgjer godt med på det norske media trykker om Russland.

- Einskilde gonger tok eg meg i å tenkje på farene med å trykke utan sjølvsensur. Viss ein trykkjer ei sak der ein veit det har blitt begått eit stort overgrep, viss ein trør feil, kan det bli reagert på det. Ein har heile tida dette i bakhovudet, men eg vil ikkje påstå at det har vore til hinder for meg. Likevel tenkte eg ofte på kva som ville skje neste gong eg skulle søkje visum.