Dersom Viking-fansen får det som dei vil, blir Berisha å sjå i denne drakta komande sesong. Foto: Mari Sollid Eide.

Viking-fansen startar kronerulling for å hente spelar

Veton Berisha er ettertrakta hos norske fotballklubbar. No har Viking-fansen starta ein innsamlingsaksjon for å få Berisha tilbake til Stavanger-klubben.
Onsdag, 20 mars, 2019 - 14:59

Viking fotballklubb må erkjenne at dei ikkje er i økonomisk stand til å bruke 6-7 millionar kroner på å hente Veton Berisha, skriv Stavanger Aftenblad. 

Fansen har derfor starta ein innsamlingsaksjon for å kunne kjøpe Berisha til Viking. Målet er å samle inn 7 millionar kroner. 

Emneord: